Eg er av
den tru at det finnast ei bok for alle, sjølv og nokon seier dei ikkje liker
bøker (eller å lese). Dersom ein klarar å formidle ein historie med den
fantasien og innlevinga ein opplever når ein les ei god bok, trur eg dei aller fleste
vil bli glad i bøker. For meg var det mamma som ble kjelda til leselyst og
interessa for bøker. Ho leste mykje for meg då eg var lita, og eg likte
spesielt godt bøkene til Astrid Lindgren. Favorittane var «Brødrene Løvehjerte»
og «Mio min Mio», og lesestunda på kveldane er nokre av dei beste barndomsminna
eg har. Denne lesegleda førte til leselyst etter kvart som eg lærte meg å lese
sjølv, og tørsta etter bøker vil nok aldri slokne. Eg trur også at leselyst kan
overføras, og at interesse og engasjement kan smitte over på andre. For
eksempel har eg lest bøker for dottera mi sidan ho var nyfødt, og ho er allereie
veldig glad i bøker, 16 månader gammal. Når
vi les ei bok på kvelden sit ho som eit tent lys på fanget, og blar vidare
etter kvart som eg les.
Astrid
Lindgren er min favorittforfattar når det gjeld barnebøker, og eg synest det ar
fantastisk at fortellingane hennes er så tidlause. «Emil i lønneberget», «Pippi
Langstrømpe», og «Barna i bakkebygrenda» sendes fortsatt på tv, med stor
suksess så vidt eg veit (sjølv om det er synd at dei har starta å sende noko
med norsk tale). Då vi var på ferie i Spania i sommar, snakka vi med ein som
budde der som sa at han var stor fan av «Pipi Calzaslargas» (som betyr Pippi
Storfot) då han var liten. Eg synest det er veldig inspirerande at ein person
kan gjere så stort inntrykk på så mange menneskjer over heile verda med
fortellingane sine, og det må jo vere eit bevis på kor fantastisk disse forteljingane
verkeleg er! Eg kjem heilt sikkert til å lese Astrid Lindgrens bøker til mine
eigne barn, og til elevane i skulen, overtydd om at dei vil bidra til leselyst
og interesse for bøker.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar