“The mediocre teacher tells. The good teacher explains. The superior teacher demonstrates. The great teacher inspires.”
- William Arthur Ward

fredag 9. november 2012

Biletforteljinga


Ei av oppgåvene dette semesteret var å lage ei biletforteljing i Photostory 3, med eit norskfagleg innhald. Ei sleit litt med å finne ut kva slags tema eg skulle ta utgangspunkt i (det kan ofte vere vanskeleg når ein har for mykje å velje mellom), men eg landa til slutt på korleis ein kan bruke naturen til å lære og arbeide med bokstavar på småtrinnet. Eg har stor tru på undervisning utomhus, og borte frå stol-og-pult-arbeid, slik at elevane kan jobbe praktisk med læringsarbeid samstundes som dei får sjansen til å bevege seg. Det finnes mange muligheiter for praktisk arbeid utomhus innanfor dei fleste fag i skulen, så lenge ein som lærer er engasjert og villig til å planlegge slik undervisning.


I biletforteljinga skisserte eg korleis elevane kan jobbe med bokstavar utomhus, mellom anna ved å skrive/forme dei med ulike materialar dei sjølv kan finne i skogen eller i fjæra. Ideen har utgangspunkt i ein artikkel vi leste i fjor som handlet om 6-åringers konsentrasjonsevner og behov for fysisk aktivitet, og forskjellane mellom kjønna. Det ble mellom anna beskrive korleis ein lærer hadde laga eit undervisningsopplegg til ein førsteklasse, då dei hadde I som ukas bokstav. Ho kledde seg då ut som ein indianar, og hang opp mange is i trea i skulegarden.  Ispinnane brukte elevane til å lage bokstaven I på bakken i ulike størrelsar. Eg tenkjer at liknande aktivitetar kan planleggjas for alle bokstavane, og kanskje vil slike opplegg bidra til ei god skrive- og leseutvikling, å motivere fleire elevar til å øve seg på å skrive og forme bokstaver.


Er det nokon som hugsar kven som hadde skrevet denne artikkelen? Eg trur tittelen var «Gutter, skolens tapere?».

4 kommentarer:

  1. Syns det ser veldig morsomt ut å jobbe med bokstaver ute i naturen! Er kjempe masse man kan bruke for å lage bokstaver ute; kvister, greiner, steiner, skjell, blomster, snø, løv, sand osvosv. Tror nok jeg vil prøve dette en gang! Kan desverre ikke hjelpe deg med artikkelen.

    SvarSlett
  2. Dette er en aktivitet jeg selv brukte å gjøre med sisteårsbarna i barnehagen. De fikk i oppgave å skrive sin egen bokstav med naturmateriale. Kvister, steiner ol. De som klarte det kunne skrive hele navnet sitt. Noen klarte til og med å skrive andre ord :-) Kjempeartig aktivitet med mye læring. Vi laget også bokstaver i snø, med maling eller snøballer. Vi malte bokstaver på berg i fjæra og tegnet i sanden. Verdt å prøve med en 1.klasse :-)

    SvarSlett
  3. Meget godt om "fysisk" læring - hvorfor og hvordan.
    Mange interessante treff på "gutter, skolens tapere".

    SvarSlett
  4. Ja, jeg synes også det er en morsom aktivitet med rom for mye læring. Slike aktiviteter utendørs tror jeg er spesielt gode for de minste barna, som ofte har behov for mer fysisk aktivitet enn de eldre barna. Det hørtes ut som det fungerte bra i barnehagen!

    SvarSlett