“The mediocre teacher tells. The good teacher explains. The superior teacher demonstrates. The great teacher inspires.”
- William Arthur Ward

tirsdag 23. oktober 2012

Pensumlitteratur med konkrete arbeidsmetodar


Eg har ofte høyrt lærarar klage over læreplanverket for Kunnskapsløftet, og kor lite konkret læreplanane er i motsetnad til den gamle planen L97. Eg forstår kva dei meinar når eg sjølv blir frustrert over mykje av vår pensumlitteratur, som er vel og bra teoretisk, men som inneheld veldig lite om konkrete arbeidsmetodar i samsvar med det pedagogiske stoffet og dei ulike læringssyna. Erfaringane vi har hatt i praksis har sjølvsagt vore til hjelp, og det er da eg verkelig forstår mykje av det teoretiske stoffet vi har vore gjennom i forkant. Men praksisperiodane er korte, og det teoretiske stoffet dominerer studieløpet, etter mi meining. Eg saknar litteratur som skildrar konkrete arbeidsmetodar, og som beskriv korleis disse samsvarar med Lk06.

Derfor ble eg veldig glad då eg oppdaga at vi har ei veldig god bok i norskfaget som har nettopp eit slikt innhald. «Dialogar om tekst» av Anne Håland og Rutt Trøite Lorentzen har mellom anna gode beskrivingar av ulike læringsteoriar og korleis dei passer inn i dagens skule, i tillegg til nyttige skildringar av konkrete arbeidsmetodar med tekst i norskfaget på ulike trinn i grunnskulen. I første kapittel skriv forfattarane at «Det skal alltid vera samsvar mellom dei teoriane ein trur på og støttar seg til, og den undervisninga ein gjennomfører i klasserommet. Læringsteoriane er overordna undervisninga. Det er også Læreplanverket for Kunnskapsløftet» (s. 29). Det er nettopp dette samsvaret eg ser på som ei stor utfordring, særlig når mykje av pensumet gir meg inntrykk av eg «står aleina» når det gjeld å planlegge konkrete arbeidsmetodar. Eg har ikkje lest så veldig mykje i boka enno, men eg har ei kjensle av at ho kjem til å bli veldig nyttig for meg som lærar i norskfaget!